Tenkjer det er på tide å leggje ut min lille, men likevel lange, solskinnshistorie også
Eg og MiniMannen vart saman for snart 8 år sidan, og hadde såklart ingen umiddelbare planar om å få born, grunna at me då akkurat hadde starta på høgare utdanning - så vi lot planane liggje og tenkte at me har jo allverden av tid seinere.
Då eg i 2007 var ferdig med utdannelsen min, og mannen hadde eitt år igjen bestemte vi oss for å slutte med prevansjon, og ta ting som det komVi prøvde aldri aktivt (altså type el-testing etc) i den perioden, men såklart så testa eg meg kvar gong tr var sein. Men utover negative tester så tenkte igrunn ikkje så mykje over at me ikkje vart gravide, grunna at eg visste at det kunne ta tid når ein slutta på prevansjon.
Tida gjekk og ingenting skjedde, men så travelt opptatt som mannen var med utdannelse og begge to med jobbsøking og påfølgjande flytting så streifa det oss aldri at det kunne ligge noko meir bak. I 2008 fekk me oss fastjobb begge to, og me byrja prøvinga på baby for fullt. Eg tok el-testar nesten kvar mnd, og smilet kom kvar gong på testen - men ingen baby...
Tilslutt tok vi det store men skumle steget i midten av 2009 og kontaktet legen, og han var snar med å henvise oss til gynekolog. I årsskiftet 2009/2010 starta me på utredning, og fekk tidlig beskjed frå gynekologen at me ikkje kunne få barn naturleg. Akkurat den dagen bekjeden kom var eg i tillegg aleine hos gynekologen og eg trur eg satt minst ein time i bilen etterpå og berre gråt - det føltes som eit skikkelig nederlag....
Gynekologen sa også at det ikkje var vits i å setje meg på pergo, men han gav meg ei "dose" slik at me kunne prøve berre for å ha gjort det. Men at han ynskja å sende søknad til St.Olavs i Trondheim så snart som råd, hvis vi ville.
Pergoen gav som venta ikkje noko effekt, og søknaden om ICSI vart sendt til Trondheim. Me visste at det kom til å ta tid å få plass, så me bestemte oss for å fokusere 100% på det forestående bryllupet. Eg trur nok at for min del så var det gull verdt å ha noko anna å tenkje på i ventetidasjølv om me også såg på bryllupet som ein viktig del av barneønsket vårt, om det ikkje skulle gå bra med icsi.
Bryllupet gjekk som planlagt i september, og eg var endelig klar for medisin og uttak i oktober/november 2010. Sprøytene gjekk overraskende lett å setje, og 9.november vart det tatt ut 22 egg, 11 vart befrukta, 4 lagt på frys og eitt satt inn den 11.nov.
Eg hadde heldigvis ingen forventninger til at det skulle klaffe på første innsetting, og vart dermed ikkje overraska då tr kom to dagar før ftd. Skuffa vart eg såklart, men lykka var at me hadde 4 egg på frys
I januar byrja eg på medisin og forberedte kroppen til fryseforsøkMe tok oss ei frihelg frå jobb, og reiste til trondheim i februar. Dagen før innsetting ringte dei oss frå sjukehuset, og eg fekk beskjed om at to av egga ikkje overlevde tininga, og at dei måtte ta opp eit tredje, men dei hadde trua på at det skulle overleve natta.
Mandag 14.februar: På sjølvaste Valentinesday parkerte me på St.Olavs, men eg følte på meg at noko hadde gått gale med egget. Og eg følte rett, då me kom inn for innsetting fekk me beskjeden om at egget ikkje overlevde, og at dei måtte tine det siste egget for innsetting...aller siste egget vårt...
Det var både glede og tristhet på en gang når legen satte inn egget, og turen heim frå Trondheim føltes lengre enn nokon gong...
Glede over at eg hadde fått satt inn eitt egg, tristhet i viten om at dersom dette ikkje gjekk, så måtte me starte heilt på nytt....
FTD 28.februar 2011: Eg vakna vel omtrent i 4-5 tida på natta, klarte nesten ikkje vente med å springe å teste meg - eg hadde ein verkeleg god følelse i heile kroppen, og visste allerede før eg testa at dette måtte ha gått bra - det var ikkje tvil i tankane mine!! Og det var ikkje tvil på testen heller, to klare tydelige streker lyste mot meg kun få sekund etter at eg hadde testa!!
Forsiktig krøyp eg under dyna til mannen igjen, og gav han en skikkelig god klem mens eg lo og gråt om kvarandre...alt hadde gått braendelig var det vår tur!!!
Og her sitt eg no, med ein akkurat passe stor kul på magen, imorgon er me 25 veker på vei, og lille EskimoPrinsen vår er frisk og rask - og superaktiv!Gleder meg masse til å møte han i november!! Termindato 8.november; nesten nøyaktig eitt år etter at han blei "laga"
Me er så utruleg takknemlege og ikkje minst privlegiert som faktisk fikk det til på første uttak, til tross for at alle egga vart brukt opp. Eg priser meg lykkelig kvar dag eg kjenner EskimoPrinsen sparke og herje i magen, og sjølv om veien var lang for oss, så er den desverre mykje lenger for mange andre...men eg er nok eit eksempel på at solskinnshistorier fins, og at det er håp![]()
For en herlig historie og gratulerer med baby i magen![]()
For en herlige historie!!![]()
Prøvedagbokmatblogg _Chart Sladrer med Kristine85,Niniel, Isiflow,T@, ,Lilith, Lillelisa,Seyonne, og Verpesjuk
Helt fantastisk å lese historien din minifruen
Mirakler skjer![]()
Gratulerer! Så herlig å lese!![]()
Endelig mamma etter 3 icsi. Sladrer med Lykkekløver, Idamari & Englefruen.
Det er 1 brukere som nå ser på denne tråden. (0 medlemmer og 1 gjester)